Alle planlagte byggeprosjekter i Stord
Etablering av nytt avløpsrenseanlegg i Sævarhagen, Stord
I Kommunedelplanen for Avløp er det vedteke at det skal etablerast eit nytt avløpsreinseanlegg i Sævarhagen, for reinsing av avløpsvatn for området Rommetveit/ Haga. Anlegget skal byggjast som slamavskiljaranlegg tilsvarande Skjersholmane avløpsreinseanlegg. Planlagt ferdigstilling i løpet av 2026.
Om- og nybygg av hovedannledning på Stord
Per i dag er det ein utrangert røyrbrotsventil på hovudvassleidninga mellom Vaulane dam og Lundsseter kraftstasjon. Ved brot på hovudvassleidninga på dette strekket, har ein i dag ikkje høve til å stengja av leidninga. Ny røyrbrotsventil skal monterast i ny kumme nedanfor Vaulane dam. Prosjektet legg også ned ny hovudvassleidning frå Vaulane til kraftstasjonen.
Ny avløpspumpestasjon og rehabilitering av VA-nett på Stord
Utsleppsløyvet for avløp for Stord kommune har krav om at det ureinsa kommunale utsleppspunktet i Falteinsvikjo på Vikanes, skal førast fram til Grunnavågen avløpsreinseanlegg. I Falteinsvikjo skal det etablerast ny avløpspumpestasjon som skal pumpa avløpet til Grunnavågen, via landgrøft langs Vikanesvegen og Kappelen. Vidare skal det lokale VA-nettet rehabiliterast. Det skal vurderast å leggja ned ny vassleidning samt plassera ut ny hydrant. Det er gjennomført forprosjekt og kalkylen er utarbeidd på grunnlag av dette. Ein vurderer også om det er mogeleg å få til eit samarbeid kring vidareføring av fortau langs Fv5064 Vikanesvegen (om lag 450 m).
Rehabilitering av ledningsnett på Stord
Rehabilitering av eksisterande ledningsnett i Sætravikjo . Borehol for spillvatn frå Neshadlene avløpspumpestasjon til ny Sætravikjo avløpspumpestasjon. Avløpsvatn frå Sætravikjo pumpast via sjøleidning til ny Grunnavågen avløpsreinseanlegg.
Utskifting av VA-anlegg på Stord
Utskifting av VA-anlegg frå Luren via Stølen mot Håklubben på Bjelland. Etablering av ny avløpspumpestasjon ved Håklubben. Prosjektet har samanheng med Båtstøo VA-prosjektet.
Nybygg av hovedvannledning på Stord
I forbindelse med ny ekspressykkelveg som vegvesenet skal bygga i 2024 mellom Heiane og Tveita, vil Tekniske tenester leggja ny hovudvassledning i same trase.
Om og nybygg av VA-ledninger på Stord
Båtstøo - Håklubben VA-anlegg: Sanering av VA-leidningar og reparering av spillvatn i bustadfelt nedstraums Gullbergvegen. Nye traséar for vassleidningane. Spillvatn leggjast med styrt boring frå Båtstøo i borehol til ny pumpestasjon ved Håklubben. Pumpeleidning i sjø frå ny Håklubben avløpspumpestasjon til ny Naustvågen avløpspumpestasjon.
Ny og ombygg av fortau i Stord
Det er i dag manglande eller dårleg fortausløysing langs heile Utslettevegen. For å få på plass nytt og betre fortau, lyt trasè regulerast. Reguleringsarbeidet starta i 2024. Tiltaket ligg inne i ny revidert trafikksikringsplan.
Rehabilitering av VA-ledningar i Stord
Rehabilitering av hovudvassleidning, spillvatn og overvatn frå kryss ved Kårevikvegen til om lag Horneland bedehus i planlagt ny fortaustrasé. Prosjektet gjennomførast i samband med nytt fortau i Hornelandsvegen. Fortau er under regulering.
Ny hovedvannledning på Stord
Ny hovudvassleidning frå Vassenden gjennom Storavatnet fram til Nysætervegen i Åkervikjo. Prosjektet vil vere ei styrking av brannvatn til Sagvågsområdet samt trykkauking for høgareliggjande område som Hamrane og Rindane. Prosjektet har samanheng med både Nysætervegen VA og Rindane VA-prosjekta.
Rehabilitering av kirke på Stord
Stord kyrkjelege fellesråd utarbeida i 2020 ein tilstandsrapport for Stord kyrkje. Den viser at det er trong for eit omfattande rehabiliteringsarbeid, fem delprosjekt har ein estimert kostnad på kr 20,0 mill.Det skal i første omgang lysast ut konkurranse om utarbeiding av anbodsgrunnlag. Det er lagt opp til at rehabiliteringa vert gjennomført og finansiert som delprosjekt.Det er i planperioden lagt inn ei løyving på kr 2,0 mill. i 2022 og kr 4,0 mill. i perioden 2023-2025.
Nybygg av avløpspumpestasjon på Stord
Ny avløpspumpestasjon i Hystadvikjo for overføring av avløpsvatn i sjøleidning til Djupavikjo avløpsreinseanlegg. Arbeidet skal utførast parallelt med rehabilitering av VA-anlegg i Valevegen (eiga prosjekt).
Ombygg av bru i Stord
Eksisterande bru (rett nedanfor “Fjellstova”) er smal, har redusert bereevne samt at det er for liten opning til elva under brua. Tiltaket krev justering av veglina både vertikalt og horisontalt.
Nye UV-aggregat i vannverk på Stord
Vassverket har tre UV - aggregat som er med å sikra at innbyggarane i Stord kommune får godt drikkevatn. Aggregata er no 20 år gamle, og det er store driftskostnadar med å halde dei i gang. Derfor er det lagt inn i budsjettet for 2024 tre nye aggregat.
Ombygg av naturgressbane på Stord
Banen er eit regionsanlegg for friidrett, og den siste naturgrasbanen på Stord. Banen er svært blaut når det regner, og av den grunn lite brukt til fotball dei siste to åra. Det er planlagt at massane må skiftast ut med nye drenerande massar.
Rehabilitering og utskifting av VA-ledningsnett på Stord
Rehabilitering og utskifting av VA-leidningsnett i Sponavikvegen, Sponavikdalen, Sponavikdalen sør (Gullskarvegen*), Sanddalen (gangsti), Skotabergvegen og i Skotlio. Ny avløpspumpestasjon i Eriksvikjo, som skal pumpa til Djupavik RA. Det vert også utført trafikksikringstiltak i området.
Rehabilitering av vannledning på Stord
Rehabilitering av eksisterande vassleidning for å betra kapasiteten og redusera lekkasjar. Frå Lundsåsen trykkutjamningsbasseng og ned til koplingspunkt ved E39 på Lunde.
Gratistilbud
til bedrifter!
Vil du vite mer om disse prosjektene? Vi gir deg et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og den mest omfattende overvåkning av prosjektmarkedet.